Norsk lærarutdanning i etterkrigstida. Ei utvikling i spenning mellom tradisjon og fornying.

Dei tre forfattarane har særleg lagt vekt på å fortelje om utviklinga av ny 3‐årig lærarutdanning for grunnskolen frå 1960‐og 1970‐åra, då dei var aktivt med i utforminga av lærarutdanninga. Ved sida av ei kort framstilling av lærarutdanninga i etterkrigstida, er det skissert utdanningspolitiske utviklingstrekk fram til dagens situasjon. Nokre trekk ved skole og lærarutdanning før denne utviklingsperioden er omtalt i kapittel 1 (1940‐ 1970) og i vedlegg 2 (1739‐1940).

Kategori:

kr 200,00

Per Østerud, Sigmund Sunnanå og Åsulv Frøysnes

  • ISBN: 9788293298113
  • Emneord: lærarutdanning, lærerutdanning, grunnskole, undervisning, historie
  • Språk: Norsk (bokmål/nynorsk)
  • Utgitt: 2015
  • Forlag: ABM-media
  • Utgave: 1. utgave
  • Ant sider: 195
  • Pris: 200,–

Sammendrag

Dei tre forfattarane har særleg lagt vekt på å fortelje om utviklinga av ny 3‐årig lærarutdanning for grunnskolen frå 1960‐og 1970‐åra, då dei var aktivt med i utforminga av lærarutdanninga. Ved sida av ei kort framstilling av lærarutdanninga i etterkrigstida, er det skissert utdanningspolitiske utviklingstrekk fram til dagens situasjon. Nokre trekk ved skole og lærarutdanning før denne utviklingsperioden er omtalt i kapittel 1 (1940‐ 1970) og i vedlegg 2 (1739‐1940).

Det meste av innhaldet i boka er sentrert om 1960‐ og 1970‐åra med grotid, forsøksverksemd og reformer i lærarutdanninga. Det er eigne kapittel om Lærarutdanningsrådets rolle og funksjon i 1960‐åra og om arbeid og oppgåver for rådet i 1970‐åra.

Det er gjort greie for arbeidet med å få vedtatt ny lov om lærarutdanning i 1973 og om iverksetting av lova med føresegner. Utviklinga av nye planar for dei ulike lærarutdanningane i 1970 åra på grunnlag av tilrådingar frå Studieplan‐ og reglementsutvalet for pedagogiske høgskolar har fått brei omtale.

Østerud og Sunnanå har fortalt om reformarbeid ved dei to høgskolane dei arbeidde ved (Hamar og Stavanger). I vedlegg 1 har dei tre forfattarane fortalt om eigen bakgrunn og erfaringar som elev, student, lærar og leiar.

I dei siste kapitla i boka er det skissert utviklingstrekk frå 1990‐åra til i dag med vekt på korleis lærarrollen i grunnskolen har utvikla seg i tråd med endringar i skole og lærarutdanning. Studieplanen for allmennlærarutdanninga frå 1980 galdt til 1992 då utdanninga vart 4‐årig og det vart mange endringar i løpet av 1990‐åra. I den dagsaktuelle situasjonen arbeider Ludvigsen‐utvalet med innhaldet i grunnopplæringa sett i forhold til krav i eit framtidig samfunns‐ og arbeidsliv. Følgjegruppa for grunnskolelærarutdanninga har lagt fram årlege rapportar om utviklinga i lærarutdanninga frå 2010 til våren 2015.

I det siste kapitlet er det gitt eit kort oversyn over lærarbehov i eit grisgrendt land som Norge, innhaldet i grunnskolelærarutdanninga og behovet for å rekruttere lærarar i åra framover. Politiseringa av innhaldet i grunnskolelærarutdanninga er gitt brei omtale.

Forfattarane stiller seg spørjande til at det i dag synest vere brei politisk semje om seinare års viktige prinsipielle endringar for grunnskolelærarutdanninga. Dette gjeld karakterkrav for opptak, todelt utdanning, utvida utdanningstid til fem år og ikkje minst endringa med større vekt på det som er kalla sentrale skolefag som alle er teorifag, med dei konsekvensar dette har fått for både grunnskole og grunnskolelærarutdanninga.

Formålet med boka er å bidra til auka innsikt i spørsmål om lærarutdanning. Dei siste kapitla kan ein sjå på som innlegg i dagens skole‐ og lærarutdanningsdebatt. Målgruppe er folk som er interesserte i skole‐ og lærarutdanningsspørsmål.

Kan vi lære noko av historia? Spørsmålet har ikkje noko enkelt eller eintydig svar. Forfattarane meiner det er viktig at dei som arbeider med eit saksfelt, nyttar kunnskap om utviklinga og kva som er gjort tidlegare.

Boka er å få kjøpt i bokhandelen eller direkte frå forlaget ABM‐media as. E‐post: post@abm‐media.no. Boka er på 195 sider. Prisen er kr. 200 + porto.

Om forfatterne

Per Østerud

Per er aktiv pensjonist ved seniorsenteret ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Han har erfaring både som lærer, rektor og utreder. Han var blant annet rektor ved sagene Lærerskole og den sammenslåtte Oslo og Sagene Lærerskole.

Åsulv Frøysnes

Åsulv var høgskoledirektør ved Høgskolen i Oslo i 17 år fram til 2011 da han gikk av med pensjon. Før det jobbet han i over 20 år som både saksbehandler, byråsjef for lærerutdanning og underdirektør i Høgskoleseksjonen i det som den gangen het Kyrkje- og undervisningsdepartementet

Sigmund Sunnanå

Sigmund er utdanna lærar. Han har arbeidd i folke- og framhaldsskole, som lektor ved Stord lærarskole, har vore dagleg leiar av sekretariatet til Lærarutdanningsrådet, rektor ved Stavanger lærarhøgskole og skoledirektør og utdanningsdirektør i Rogaland. Han var sekretær for Studieplan og reglementsutvalet for pedagogiske høgskolar og formann i Lærarutdanningsrådet. Han har vore leiar og medlem i ei rekkje offentlege komitear og utval. I tidsskrifta Pedagogen og Bedre skole har han hatt redaktøransvaret for spesialnummer. Dei siste åra har han vore redaktør av Skolehistorisk årbok for Rogaland. Han har arbeidsplass ved Universitetet i Stavanger.

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å vurdere “Norsk lærarutdanning i etterkrigstida. Ei utvikling i spenning mellom tradisjon og fornying.”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *